MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 26.08.11 -

Frivilligsentralen i Masfjorden er 20 år

 

PlakatframsideFrivilligsentralen i Masfjorden var ei av dei første sentralane som vart sett i gang i Noreg med støtte frå sosial- og helsedirektoratet tidleg på 90 talet.

 

I Masfjorden hadde og har ein mykje frivillig arbeid. Ein tok ikkje mål av seg å organisere alt dette. Men ein såg at ein kunne stimulerer til meir verksemd dersom ein fekk oppretta ei lita stilling. Ein ønskja spesielt å jobbe meir med besøksteneste og stimulerer til kontakt med menneskjer som hadde trong for dette. Dette var i tråd med delar av føringa frå sosialdepartementet. Sokneråda i Masfjorden tok tak i saka og laga skisse for ei sentral i samarbeid med bygdekvinnelaget, pensjonistlaga, helselaga og Masfjorden kommune. Ein søkte om ei 20% stilling og fekk innvilga dette.

 

Frivilligsentralen i Masfjorden var starta opp 1. sept. 1991 med Gunnvor Fyllingsnes som dagleg leiar i 20% stilling. Ho hadde denne stillinga i kombinasjon med andre stillingar i Masfjorden innan Den Norske Kyrkja og Nordhordland Indremisjon. Gunnvor Fyllingsnes er framleis dagleg leiar for Masfjorden frivilligsentral i 20% stilling.

 

Frivilligsentralen i Masfjorden er eigd av dei tre sokneråda i Masfjorden. Dei er ansvarleg for drifta i sentralen. Sokneråda samarbeider med bygdekvinnelaget (no nedlagd), pensjonistlaga, helselaga og Masfjorden kommune. Frivilligsentralen har eit eige styre som styrer drifta av sentralen. I styret er der ein representant frå kvart sokneråd, sokneprest og ein felles representant for dei andre samarbeidspartane.

 

No har sentralen vore i drift i 20 år. Ein har jobba med mange ulike tiltak sjølv om besøksteneste framleis er basisen i arbeidet. Sentralen har stimulert til mykje frivillig arbeid gjennom desse åra og har lagt grunnlag for mange gode samtalar og omsorg rundt om i bygdene våre.

 

For å setje pris på alle gode samarbeidspartar og medarbeidarar samlar vi saman til jubileumsfest 1. sept. 2011 i Nordbygda samfunnshus kl. 19.00. Det er då på dagen 20 år sidan vi starta. På festen vil biskop Ole D. Hagesæter halda festtale og Anbjørg Ramstad som jobba i sosialdepartementet ved oppstart av frivilligsentralen koma med ei helsing. Elles vert det ulike innslag og god festmat. Vi håpar på ein flott fest for alle som har engasjert seg smått og stort i arbeidet til Masfjorden frivilligsentral.


 

 

Tekst: Dag Haarklau

Illustrasjon: Festplakat

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen